Minna er mange frå barne- og ungdomstida vår. I denne korte minnehelsinga vil eg fyrst og fremst trekke fram stundene vi hadde sammen med sang og gitarspel. Då var vi stjerner! Ellers var det godt humør, optimisme og ein god latter som var lett å få fram. Vi var ikkje store jentene før vi drøymde om å gifte oss, og då skulle vi vera forlovarar for kvarandre. Slik vart det og ekteskapa har halde. Dei seinare åra treftes vi ikkje så ofte, men telefonsamtalene vart ofte lange og gode. Takk for alt du var for oss alle! Fred over minnet ditt, Marit!
Det gjere vondt att du har gått bort, men må ta fram og tenkje på alle gode minner. Du hadde pågangsmot, var hjelpsam, godt humør og alltid ein god latter. Takk for alle trivelege stunder, kjære Marit.
Eg lyser fred over ditt minne.